LEDIG STILLING

Prosjektleiar innan veg, vatn og avløp

Arbeidsplass: Stryn | Oppstart: Etter avtale | Søknadsfrist: 15. april 2026

‍Vil du vere med å leie anleggsprosjekt frå start til ferdig resultat? Kveen Anlegg søkjer etter prosjektleiar og anleggsleiar til våre prosjekt i Sogn og Fjordane, Sunnmøre og Nord-Gudbrandsdalen.

Vi ser etter deg med ein tydeleg vilje og evne til å leie prosjekt, som trivst med å motivere og leie menneske. Di evne til å planlegge, kombinert med ein solid kontroll over økonomi og kontraktar, gjer deg til ein systematisk og målretta prosjektleiar som jobbar for å oppnå gode resultat.


Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • Leie og styre prosjekt frå oppstart til ferdigstilling

  • Sikre at arbeidet blir utført i samsvar med kontrakt

  • ‍Følgje opp tilsette med fokus på utvikling og trivsel i teamet

  • ‍Bidra til å sikre lønnsemd og vekst gjennom optimal ressursutnytting

  • ‍Utarbeide tilbod

  • ‍Handtere kontrahering av underentreprenørar

  • ‍Ivareta kundekontakt

  • Ivareta og handtere byggherrerelasjonar ‍

Vi ser etter deg som

  • ‍Har relevant høgare utdanning innan bygg- og anleggsfag

  • Har erfaring som prosjektleiar eller anleggsleiar frå anleggsbransjen

  • Har god forståing for kontraktar og prosjektøkonomi

  • Er strukturert og systematisk i arbeidet ditt

  • Likar å motivere og leie andre

  • Samarbeider godt med både kollegaer og samarbeidspartnarar

‍ ‍

Her får du

  • ‍Ansvar for varierte prosjekt innan veg, vatn og avløp

  • Ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring av prosjekt

  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø

  • Dyktige kollegaer og ein solid gjeng

  • Konkurransedyktige betingelsar

  • AFP-ordning og gode pensjonsordningar

  • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

‍ ‍

Er du interessert, ta kontakt med Jon G. Kveen Øvre-Flo, tlf 414 06 567 eller send ein søknad på e-post. ‍

‍Innkomne søknadar vil bli behandla fortløpande.

Søknadsfrist: 15.04.2026

‍ ‍

Om Kveen AS

Kveen AS vart etablert i 1980 og driv sine forretningsområde gjennom Kveen Anlegg og Kveen Motor. Kveen Anlegg har rundt 30 tilsette og ei årleg omsetning på om lag 120 millionar kroner.

I Kveen Anlegg utfører vi små og store oppdrag, alt frå grunnarbeid til større veg- og anleggsprosjekt for kommunale og statlege oppdragsgjevarar. Vi er ein samansveisa gjeng som trivst best ute i felten. Fleire har vore med oss i mange tiår, og stoltheita for faget står sterkt. I Kveen Anlegg byggjer vi stein på stein. ‍‍‍‍ ‍