Bli lærling

Ein ung mann i arbeidskle som sit i ei gravemaskin og smiler, med tommel opp.

Er du gira på å vere med ut i felten frå dag éin og lære deg mykje praktisk fram mot fagprøva?

Kveen Anlegg AS har base i Stryn og jobbar med bygging av statleg og kommunal infrastruktur, boring og sprenging, tomtegraving, transport og vintervedlikehald.

Vi tek inn lærlingar innan:

  • Anleggsmaskinførarfaget

  • Veg- og anleggsfaget

  • Anleggsrøyrleggjarfaget

  • Yrkessjåførfaget

Hos oss får du:

  • Jobbe ute i felten og på anlegg

  • Ein variert kvardag og praktisk erfaring

  • Tett oppfølging og god opplæring av flink kollegaer

  • Moglegheit til å ta fleire fagbrev

Vi tek inn 2–3 lærlingar kvart år.

Lurar du på om dette kan vere noko for deg? Du er velkomen til å bli med ut på anlegg eller ha utplassering før du bestemmer deg.