LEDIG STILLING

Maskinførar

Arbeidsplass: Stryn | Oppstart: Etter avtale | Søknadsfrist: 15. april 2026

‍Vil du jobbe ute og sjå konkrete resultat av arbeidet du gjer? Kveen Anlegg søkjer etter gravemaskinførar til våre prosjekt i Sogn og Fjordane, Sunnmøre og Nord-Gudbrandsdalen.

Vi oppmodar både erfarne fagarbeidarar og lærlingar til å søkje på denne stillinga.


Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • Graving og masseflytting i samband med veg- og anleggsarbeid

  • Planering, grøfting og klargjering av grunn

  • Aktiv bruk av maskinstyring (GPS)

  • Dagleg kontroll og vedlikehald av maskin

  • Utfylling av sjekklister i forbindelse med KS-dokumentasjon

  • Bidra til god framdrift og kvalitet i prosjekta

Vi ser etter deg som

  • Har relevant erfaring frå veg- og anleggsarbeid, eller ønskjer lærlingplass i faget

  • Har maskinførarbevis

  • Tek ansvar for jobben du gjer og er løysningsorientert

  • Har fokus på HMS

  • Samarbeider tett med andre fagpersonar

  • Er tydeleg i kommunikasjon og planlegging

  • Kan utføre variert anleggsarbeid

‍ ‍

Her får du

  • Varierte arbeidsdagar på ulike prosjekt

  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø

  • Dyktige kollegaer og ein solid gjeng

  • Konkurransedyktige betingelsar

  • AFP-ordning og gode pensjonsordningar

  • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

    ‍ ‍

Er du interessert, ta kontakt med Jon G. Kveen Øvre-Flo, tlf 414 06 567 eller send ein søknad på e-post. ‍

‍Innkomne søknadar vil bli behandla fortløpande.

Søknadsfrist: 15.04.2026

‍ ‍

Om Kveen AS

Kveen AS vart etablert i 1980 og driv sine forretningsområde gjennom Kveen Anlegg og Kveen Motor. Kveen Anlegg har rundt 30 tilsette og ei årleg omsetning på om lag 120 millionar kroner.

I Kveen Anlegg utfører vi små og store oppdrag, alt frå grunnarbeid til større veg- og anleggsprosjekt for kommunale og statlege oppdragsgjevarar. Vi er ein samansveisa gjeng som trivst best ute i felten. Fleire har vore med oss i mange tiår, og stoltheita for faget står sterkt. I Kveen Anlegg byggjer vi stein på stein.